Største bibliotek med gratis lydbøker
Skjønnlitteratur Barn Krim og spenning Romaner og fortellinger Fakta og dokumentar Samfunn og historie Fantasy Vis alle sjangere

Anderz Eide

23 lydbøker
Innsirkling 2

Carl Frode Tiller - Innsirkling 2

Vinnar av P2-lytternes romanpris 2010 Ole er ein mjuk mann med kone, barn og gard. Når som helst kan han miste alt. Tom Roger er ein skremmande muskelbunt frå ein familie med dårleg rykte. Inni han brenn eit ønske om å bli ein annan. Paula vil så inderleg gjerne bli elska. Når sonen og sonesonen besøker henne på gamleheimen, kjem mørke løyndommar for ein dag. Carl Frode Tiller fortsett der han sleppte i "Innsirkling". Den mystiske David har mista hukommelsen, og ein annonse oppfordrar gamle kjente til å skrive til han. Ole, Tom Roger og Paula bestemmer seg for å svare. Med djup psykologi og rå, svart humor sirklar Tiller inn liva til David og brevskrivarane. Dermed gir han også eit rikt tverrsnitt av tida dei lever i, vår tid.   Carl Frode Tiller har hatt stor suksess med "Innsirkling"(2007). For den vart han tildelt Brageprisen, Sultprisen og Kritikarprisen, og han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2008. For "Innsirkling 2" blei Carl Frode Tiller nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2010. "Høstens store norske."Ane Farsethås, Dagens Næringsliv "Carl Frode Tiller innfrir alle forventninger."Turid Larsen, Dagsavisen " ... så nervepirrende at jeg fryser på ryggen" Cathrine Krøger, Dagbladet "... det største dramatiske talentet Norge har fostret på lange tider." Knut Hoem, NRK Høyr alle lydbøkene i den prisvinnande Innsirkling-trilogien: - Innsirkling - Innsirkling 2- Innsirkling 3
Saganatt

Frode Grytten - Saganatt

Lundetrilogien er tre romanar i eitt, tre forteljingar frå tre desperate og fordrøymde tiår i nyare norsk historie. Det handlar om korleis vi kom hit, eller korleis vi kom ut av det igjen, eller kva som er igjen av draumen om det livet vi skulle dele. Ein gong tidlig på 1980-talet flyttar Arvid Lunde til Odda. Der blir han lærar på gymnaset. Han ser ut som om han ønsker å bli slukt av staden, som om han vil gå i eitt med røyken, regnet og skodda. Men han seier: Om du vil forstå Norge, må du forstå Odda. Ein dag tar tidsånda plass i den tynne kroppen hans, og det blir det kjent at Arvid Lunde har blitt millionær på aksjehandel. Ein møbelhandlar frå Åsane set seg i bilen og kjører til Sverige mens Norge arrangerer OL på Lillehammer. Han vil gjøre ein siste desperat handling. Ein gong var han ein som kjente folks drømmar, ein som reiste rundt og leverte lykke på dørene. Men no er butikken lagd ned og ho han var gift med hugsar ikkje lenger kva han heiter. Dei er ulevande og ingen kan sjå dei. Dei kjører grå tenestebilar av merke Toyota Corolla, og dei ferdast gjennom gatene i eit utlevd Oslo. Jobben deira er å korrigere feil som har skjedd over alt der sosialdemokratar er innblanda. Dei har namn som Gerhardsen, Bratteli, Nygaardsvold. Dei gjør den jobben som må gjørast i skuggen av sosialdemokratiets lys, ei fjern og døande stjerne. "Karaktertegningen er skarp, observasjonene presise, handlingen stundom nær det absurde, humoren freidig og skrivegleden åpenbar. "Saganatt. Lundetrilogien" har blitt en både morsom og underholdende, men fremfor alt tankevekkende krønike om vårt lille land."Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad Terningkast 5: "Gjør klar til lesefest: Frode Gryttens tre romaner om det norske sosialdemokratiets mistrøstige historie gjennom de siste tre tiår er stor underholdning."Arne Hugo Stølan, VG "Ein presis og uhyre morosam harselas med sosialdemokratiet"Vidar Kvalshaug, Aftenposten "Frode Gryttens nye roman, «Saganatt», er et oppkomme av gode historier"Kjell Olaf Jensen, Dagsavisen