Største bibliotek med gratis lydbøker
Skjønnlitteratur Barn Krim og spenning Romaner og fortellinger Fakta og dokumentar Samfunn og historie Fantasy Vis alle sjangere

Frode Grytten

3 lydbøker
Saganatt

Frode Grytten - Saganatt

Lundetrilogien er tre romanar i eitt, tre forteljingar frå tre desperate og fordrøymde tiår i nyare norsk historie. Det handlar om korleis vi kom hit, eller korleis vi kom ut av det igjen, eller kva som er igjen av draumen om det livet vi skulle dele. Ein gong tidlig på 1980-talet flyttar Arvid Lunde til Odda. Der blir han lærar på gymnaset. Han ser ut som om han ønsker å bli slukt av staden, som om han vil gå i eitt med røyken, regnet og skodda. Men han seier: Om du vil forstå Norge, må du forstå Odda. Ein dag tar tidsånda plass i den tynne kroppen hans, og det blir det kjent at Arvid Lunde har blitt millionær på aksjehandel. Ein møbelhandlar frå Åsane set seg i bilen og kjører til Sverige mens Norge arrangerer OL på Lillehammer. Han vil gjøre ein siste desperat handling. Ein gong var han ein som kjente folks drømmar, ein som reiste rundt og leverte lykke på dørene. Men no er butikken lagd ned og ho han var gift med hugsar ikkje lenger kva han heiter. Dei er ulevande og ingen kan sjå dei. Dei kjører grå tenestebilar av merke Toyota Corolla, og dei ferdast gjennom gatene i eit utlevd Oslo. Jobben deira er å korrigere feil som har skjedd over alt der sosialdemokratar er innblanda. Dei har namn som Gerhardsen, Bratteli, Nygaardsvold. Dei gjør den jobben som må gjørast i skuggen av sosialdemokratiets lys, ei fjern og døande stjerne. "Karaktertegningen er skarp, observasjonene presise, handlingen stundom nær det absurde, humoren freidig og skrivegleden åpenbar. "Saganatt. Lundetrilogien" har blitt en både morsom og underholdende, men fremfor alt tankevekkende krønike om vårt lille land."Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad Terningkast 5: "Gjør klar til lesefest: Frode Gryttens tre romaner om det norske sosialdemokratiets mistrøstige historie gjennom de siste tre tiår er stor underholdning."Arne Hugo Stølan, VG "Ein presis og uhyre morosam harselas med sosialdemokratiet"Vidar Kvalshaug, Aftenposten "Frode Gryttens nye roman, «Saganatt», er et oppkomme av gode historier"Kjell Olaf Jensen, Dagsavisen
Popsongar

Frode Grytten - Popsongar

Frode Gryttens kvite album – ein norsk popnovelle-klassikar. Tekstane i «Popsongar» tek oss med på ei fascinerande reise. På overflata er vi i løpet av 24 timar på 24 stader, og dei 24 historiene som blir fortalde, heng på eit finurleg vis saman med 24 songar. Artistar som David Sylvan, Prefab Sprout, Bruce Springsteen, Pet Shop Boys, Bob Dylan og Roxy Music er knytt saman til kvar sine noveller. Men det musikalske bakteppet er på ingen måte eit vilkår for å leve seg inn i dei oftast triste, somtid tragikomiske, men alltid djupt menneskelege lagnadene i boka. Felles for novellene er einsemd, mangel på ein plass å høyre til og identitetskriser. Frode Grytten har lagt handlinga i novellene til sterile, tomme og upersonlege stadar som hotellrom, flyplassar, barar og tog. Stadar der ein er, men likevel ikkje er. Stadar der mange menneske har vore før deg, men som likevel kjennast kalde og upersonlege. «Frode Grytten har med denne utgivelsen også gjort et kvantesprang for å skildre eventyret, dybden og sannheten som finnes i den beste popmusikk. Det vil overraske meg mye om noen er i stand til å levere en bok som dufter bedre enn denne i år. Og vit dette: Den vil lukte enda bedre, der den står i landets biblioteker, gjennomlest og fillete, om femti år.» Ørjan G. Johnsen, Puls.no «Frode Grytten skiver lekende lett, de korte tekstene har i blant en hitlåts suggesjon og rytme i seg. Små replikker, fraser og setninger er hentet fra sanger, dikt og prosa, og blir en ekstra bonus - her er godbiter nok for assosiasjonslystne lesere.» Anne Cathrine Straume, NRK
Garasjeland

Frode Grytten - Garasjeland

I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen, Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline garasjeland. "Dette var min første sommar i Garasjeland. Juli kom med ei hetebølge som varte i tre veker. Midt på dagen steig temperaturen til over førti grader. Far min hadde ikkje investert i kjøleanlegg, så om nettene sette vi oss i bilen og kjørte ut på dei opplyste motorvegane. Han ville sjå skogbrannane som herja langs kysten. Ei natt stansa vi på ein nedlagt bensinstasjon, steig ut og blei ståande. Oske fall frå himmelen, nesten som snø, bare at ein blei svart på tunga om ein fanga dei gjennomsiktige flaka". Ein sekstenåringen flyttar inn i farens garasje i garasjeland, og dei rekordvarme sommarvekene der skal merke han for livet. Den unge mannen i «Oslo» kjem tilbake til heimbyen for å få hemn. Det gifteklare paret i «Den siste øya» har investert i drømmereisa som ifølge operatøren vil gi dei isolation level: High, men er dei heilt åleine? I «Inntrengar» stirer eit norsk par forundra inn på mannen som med spansk lov på si side har flytta inn i feriehuset deira. Polakken i «YNWA» er langpendlar med jobb på vestlandsk fiskeslakteri og ei gryande erkjenning av at Norge er meir enn lykke og frisk luft. «Slutten på historia» skildrar eit vakkert møtet mellom to tidligare kjærastar ein sur kveld den spesielle våren 2020. Frode Grytten viser korleis folk som er drive av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlege utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på eit vis som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.