Største bibliotek med gratis lydbøker
Krim og spenning Skjønnlitteratur Barn Romaner og fortellinger Fakta og dokumentar Fantasy Samfunn og historie Vis alle sjangere

Carl Frode Tiller

6 lydbøker
Begynnelser

Carl Frode Tiller - Begynnelser

Livet må levast framlengs og forståast baklengs. Miljøvernaren Terje ligg på sjukehuset etter å ha tatt sitt eige liv. Vi følger han bakover i tid, først som vaksen, deretter som ungdom og til slutt som barn. Gradvis blir vi kjente med ei sår familiehistorie, Terjes glødande kjærleik til naturen og alle vala han tok eller ikkje tok. Kvifor blir eigentleg livet som det blir, og kva er samanhengen mellom enkeltmennesket og det store kretsløpet vi alle er ein del av? «Begynnelser» er ein vakker og svært aktuell roman om den komplekse menneskenaturen og naturen vi held på å øydelegge. «Først da sommarfuglen letta frå raudkløveren og eg prøvde å følge han med blikket mens han flaksa med rykkvise sikksakkbevegelsar innover i skogen, merka eg at auga mine var fylte opp av tårer. Vi menneske burde utvide nestekjærleiksbodet, tenkte eg, vi burde leve slik at dei andre artane saknar oss den dagen vår art er borte frå kloden.» «Tiller har skrevet en av høstens beste romaner.» Silje M. S. Norevik, Bergens Tidende Terningkast 6:«Intens og troverdig.»Guri Hjulstad, Trønder-Avisa Terningkast 5:«Krypende desperasjon (…) hjerteskjærende og eksistensielt opprivende.» Sindre Hovdenakk, VG Terningkast 5:«Sterk roman fra trøndernes største dikter siden Olav Duun (…) Romanen er vakker, tragisk og tankevekkende. Psykologisk sett er den sylskarp og nådeløs. Men den er samtidig varm og poetisk.» Fredrik Wandrup, Dagbladet Terningkast 5:«Tiller har skrevet en sår og beinhard fortelling om en forfallen mann i en familie på randen. Det er gripende og ubehagelig lesning rispet med Tillers etter hvert velkjente klo.» Stein Roll, Adresseavisen Terningkast 5:«Blå-dyster og god (…) både morer og rystar.» May Grethe Lerum, Bok365 «Denne romanen har alt (…) Rått og vakkert (…) Det virker som om Ibsen lusker rundt i kulissene (…) gåtefull og nervepirrende.» Ingunn Økland, Aftenposten «Tillers bøker er like sosiologisk som psykologisk samansette, og på den måten gode (…) Dei naturmytiske scenene kan minne om Jon Fosses språk og bildebruk (…) utvidar og fortettar skildringar av arv, miljø og slekters gang i en roman på heilt øvste hylle i forfattarskapen.» Margunn Vikingstad, Morgenbladet «Svartglødande romankunst (…) Tiller er noregsmeister i kunsten å skildre ekstremt forknytte, forstilte og fortvilte menneske.» Marta Norheim, NRK «… hjerteskjærende og psykologisk skarpt (…) Det er knapt noen annen forfatter her i landet som så overbevisende bruker den trivielle og banale dagligtalen til nådeløst å avdekke mellommenneskelige relasjoner.» Turid Larsen, Dagsavisen
Innsirkling 3

Carl Frode Tiller - Innsirkling 3

Med «Innsirkling 3» er eit storverk i norsk litteratur fullført. Nominert til Bokhandlerprisen 2014! Marius skal gifte seg med Julie, men set alt på spel. Han sender eit brev til David, som har mista hukommelsen, der han avslører ei hending som har fått store konsekvensar for dei begge. Davids ekskjærast Susanne kjenner seg svikta av David, og tar eit oppgjer med han og si eiga fortid i brevs form. I denne boka møter vi også David sjølv, nokre sommardagar i 2006 og på kontoret til psykiateren han går til. I tre bøker har Carl Frode Tiller sirkla inn ein mann som ikkje veit kven han er, og dei som har skrive til han. Gjennom ei rekke røntgenblikk på det psykologiske spelet mellom menneske, på ulike tiår og miljø, har Tiller skapt eit usedvanleg rikt og komplekst eventyr om det moderne Norge. Den siste brikka gir ikkje berre svaret - den vil også snu opp ned på alt du trudde du visste om David. Terningkast 6: «Den beste norske romantrilogien på 60 år er endelig fullbrakt.» Stein Roll, Adresseavisen Terningkast 5: «Carl Frode Tillers «Innsirkling»-trilogi vil uten tvil bli stående som en av de mest presise tidsskildringene av den norske virkeligheten de siste 20 årene.» Sindre Hovdenakk, VG «Bokhøsten er såvidt i gang, men denne romanen peker seg ut som en av årets beste norske.» Susanne Hedemann Hiorth, Dagens Næringsliv  «Når Carl Frode Tiller nå avslutter 'Innsirkling'-trilogien, gjør han det på en måte som bekrefter hans posisjon som norsk skjønnlitteraturs fremste menneskekjenner. Tillers blikk for alt det ubehagelige og vonde som oppstår mellom oss, er røntgenpresist.» Eskil Skjeldal, Vårt Land   «Carl Frode Tiller leverer ein imponerande mangfaldig analyse av maktspel og identitetsdanning i vår tid og stadfestar posisjonen som ein av våre fremste forfattarar.» Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid   Høyr alle lydbøkene i den prisvinnande Innsirkling-trilogien: - Innsirkling - Innsirkling 2- Innsirkling 3
Innsirkling 2

Carl Frode Tiller - Innsirkling 2

Vinnar av P2-lytternes romanpris 2010 Ole er ein mjuk mann med kone, barn og gard. Når som helst kan han miste alt. Tom Roger er ein skremmande muskelbunt frå ein familie med dårleg rykte. Inni han brenn eit ønske om å bli ein annan. Paula vil så inderleg gjerne bli elska. Når sonen og sonesonen besøker henne på gamleheimen, kjem mørke løyndommar for ein dag. Carl Frode Tiller fortsett der han sleppte i "Innsirkling". Den mystiske David har mista hukommelsen, og ein annonse oppfordrar gamle kjente til å skrive til han. Ole, Tom Roger og Paula bestemmer seg for å svare. Med djup psykologi og rå, svart humor sirklar Tiller inn liva til David og brevskrivarane. Dermed gir han også eit rikt tverrsnitt av tida dei lever i, vår tid.   Carl Frode Tiller har hatt stor suksess med "Innsirkling"(2007). For den vart han tildelt Brageprisen, Sultprisen og Kritikarprisen, og han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2008. For "Innsirkling 2" blei Carl Frode Tiller nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2010. "Høstens store norske."Ane Farsethås, Dagens Næringsliv "Carl Frode Tiller innfrir alle forventninger."Turid Larsen, Dagsavisen " ... så nervepirrende at jeg fryser på ryggen" Cathrine Krøger, Dagbladet "... det største dramatiske talentet Norge har fostret på lange tider." Knut Hoem, NRK Høyr alle lydbøkene i den prisvinnande Innsirkling-trilogien: - Innsirkling - Innsirkling 2- Innsirkling 3